Kunstutstillinger

Vi har kunstutstilling annakvart år. Allereie frå hausten av arbeider vi mot kunstutstillinga som er på vårparten året etter. På sjølve utstillingsdagen inviterar vi familie og vener til "vernissage" med servering, der stolte små kunstnera er vertskap.

«Så mykje arbeid for en kveld»- er vel lett å tenke, men sjølv om denne kvelden er høgdepunktet for barna, som gleder seg veldig til å vise frem resultatet av snart åtte månader med arbeid, så er tanken bak litt meir nyansert.

Her er nokre hovedpunkt:

• Forskning viser at arbeid med visuell kunst har( i likheit med musikk) evna til å involvere bortimot samtlege kartlagde område/senter i hjerna. •Forskning viser ei klar forbinding mellom teikning og språk. Hypotesa er at teikning kan lage bruer til det semantiske systemet (der språket sitt innhald og betydning bearbeidast) noko som kan styrke kognitive funksjonar.

•Teikning er kopla til skriving, finmotorikk, hukommelse, evna til å forestille, tilgang til språksenteret, konstruksjonsferdigheiter og romkjensle.(dei to siste er m.a viktige for matematikkforståing).

• Arbeid med kunst styrker kreativitet og kjenslemessig balanse.

• Arbeid med kunst støtter og fremjer sosial- og akademisk læring. 

 Som bonus har barna fått trent på:

• Prosessering: bearbeiding av auditive, visuelle og taktile inntrykk.

• Merksemd og konsentrasjon.

• Hukommelse og arbeidsminne.

• Sekvensiell forståelse- gangen i ein prosess.

• Samarbeid i fellesarbeid. Så sjølv om utstillinga er over på ein kveld , har arbeidet med den forhåpentligvis sett spor som varer