Vi held til i naturskjønne omgivnadar i Bratthaugmyra i Langevåg. Langevåg skule er vår nærmaste nabo. Fjellet, skogen og vatnet omringar oss og gir oss mange moglegheiter.
Hjå oss er det små forhold, så vi blir som ein «stor-familie»
Tid, tryggleik, trøst og eit godt fang er det viktigaste vi kan tilby barnet ditt. Når gode relasjonar er på plass vert vegen til meistring, utforsking og kreativitet kort.