Vi har kunstutstilling annakvart år. Allereie frå hausten av arbeider vi mot kunstutstillinga som er på vårparten året etter. Barna tar del i å skape ulike uttrykk med forskjellige teknikkar, som blir satt saman til ei utstilling for foreldre og søsken. Det er viktig for oss at barna får fine opplevingar og stunder saman, med rom for å skape og uttrykke seg i ulike materiale.