MoTo leik


I Vasset barnehage liker barna å vere i aktivitet!

Grunnlaget for god helse leggast tidleg i livet. I følgje Rammeplanen for barnehagen skal barnehagen ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale forskjellar. Den fysiske og psykiske helsa skal fremjast i barnehagen.

MoTo-leik er eit systematisk, lokalprodusert opplegg for å fremme god fysisk og motorisk helse og utvikling i barnehagen. 

Det er utvikla eit årshjul med eit fokusområde for kvar månad som eit supplement til dei daglege aktivitetane i barnehagen. Gjennom MoTo-leik og læring har vi fokus på å utvikle og støtte motorisk utvikling og meistring. 

Vi leiker og beveger oss fordi det er gøy.