Reise


I Vasset barnehage har vi som tradisjon å reise til utlandet på tur annakvart år. Vi brukar vårt faste reiseselskap “Vasset Airlines” og barna blir med på ei reiseoppleving med passkontroll, sikkerheitssjekk, baggasjedrop og flyreise til ulike destinasjonar. Reisemål blir satt og både store og små deltar i planlegginga og gjennomføringa av turen.

Om oss

Velkommen til barnehagen vår!


Vasset Barnehage SA er ein privat, foreldreeigd barnehage. Barnehagen vart oppretta i november 1987 av foreldre som mangla barnehageplass. Vi har 28 plassar for barn mellom 1 og 6 år. 

«Rom for alle, blikk for den enkelte» 
I visjonen vår legg vi: 
 
ROM FOR ALLE

Vasset Barnehage skal vere ein trygg og god plass, der kvart barn vert respektert og anerkjent for den dei er. Deira uttrykk skal bli sett, høyrt og tatt på alvor. Vi skal skape eit godt samhald i gruppa og ha fokus på dei sosiale dugleikane. 


BLIKK FOR DEN ENKELTE

Vasset Barnehage er ein liten barnehage, noko som gir gode vilkår for at vi lettare kan sjå kvart enkeltbarn. Vi har ingen fysisk flytting av avdelingar og dei same vaksne fylgjer barna gjennom heile barnehageløpet. Vi rekk og bli godt kjende med kvarandre, fordi her er eit lite og oversikteleg miljø. Dette gir gode vilkår for å støtte kvart enkeltbarn i si utvikling.