Grønt Flagg


Grønt flagg er ei miljøsertifiseringsordning retta mot barnehagar og skular. Ordninga er ein del av det internasjonale Eco-School nettverket som drivast av Foundation for Enviromental Education( FEE).


Vasset barnehage er den første barnehagen på Sunnmøre som har mottatt sertifiseringa og det er vi veldig stolte av. 
I starten av 2020 mottok vi beviset på at vi no er «Grønt flagg-barnehage”, men arbeidet er ikkje avslutta av den grunn. For å behalde denne sertifiseringa må vi kvart kalenderår bestemme kva fokus vi skal ha innan miljøfeltet
 


Naturvern og miljø


I barnehagen vår arbeider vi med naturvern og miljø. Vi har fokus på korleis vi kan opphalde oss i naturen utan å øydelegge den, og korleis vi på best mogleg måte kan ta vare på ressursane våre. Vi komposterer vårt matavfall til plantekassene våre, og satsar på å utvide produksjonen vår av grønsaker og bær til neste sommar. Vi vil skape gode haldningar og vanar hjå barna, og ha fokus på å forklare samanhengar i naturen  og lære dei at miljøet vårt er eit sårbart system som vi må ta vare på.